Behandling

Lungekreftoperasjon

Operasjonen fjerner kreftsvulsten i lungen ved å fjerne den delen av lungen hvor kreftsvulsten sitter. Nærliggende lymfeknuter blir også fjernet. Hos noen kan det være nok å fjerne en mindre del av lungen, hos andre kan det være nødvendig å fjerne hele lungen på én side. Operasjonsmetodene vi bruker er kikkhullsteknikk eller åpen operasjon. Ved åpen operasjon åpner vi opp brystkassen mellom ribbeina. Ved kreftsykdom andre steder i kroppen, med spredning til lunge (lungemetastaser), fjerner vi som regel bare svulsten, med noe av lungevevet rundt.

Før

Innleggingsdagen

På innleggingsdagen skal du ha ein innkomstsamtale med sjukepleiar, lege og vakthavande kirurg. I tillegg vil fysioterapeuten komme og informere om aktivisering etter operasjonen.

Før operasjonen vil du få informasjon av kirurgen som skal operere deg, og anestesilegen som skal gi deg narkosen.

Du har høve til å ha med pårørande når du får informasjon.

Du skal ta blodprøvar, røntgen av lungene dine og hjarterytmeprøvar (EKG).

Førebuingar kvelden før operasjonen

  • Operasjonsområdet blir barbert.
  • Dersom du ikkje har hatt avføring i løpet av dagen, vil du få eit lite klyster om kvelden.
  • Du skal dusje og vaske håret før du legg deg. Det er ikkje nødvendig å bruke noka spesiell såpe.
  • Du må fjerne naglelakk og sminke.
  • Du får tilbod om sovemedisin om kvelden av nattevakta.
  • Frå midnatt skal du faste, det vil seie ikkje ete, drikke, røykje, snuse, tyggje tyggjegummi eller suge på pastillar.

Alt dette står meir detaljert i innkallingsbrevet ditt.

Førebuingar operasjonsdagen

Dersom du bruker tablettar på morgonen, får du desse av sjukepleiaren, dersom ikkje anna er avtalt. Det kan vere litt forandringar frå det du vanlegvis tek, på grunn av den kommande operasjonen. Sjølv om du fastar, kan du svelgje tablettane med litt vatn.

Før operasjonen får du roande medisinar.

Tannprotesar blir tekne ut før operasjonen.

Under

Når du kjem til operasjonsavdelinga, blir du teken imot av legen og sjukepleiaren som skal gi deg narkose. Vi legg inn små tynne plastrøyr (kanylar) på armane dine, og anestesilegen legg eventuelt inn eit tynt plastrøyr i ryggen (epiduralkateter). Epiduralkateteret blir brukt for å gi smertestillande medisinar under og etter operasjonen.

Etter at du har sovna, vil anestesipersonalet leggje eit røyr i luftrøyret ditt for å kople deg til ein pustemaskin (respirator) som hjelper deg med å puste under operasjonen. Vi legg også inn eit urinkateter inn i urinblæra. Dette gjer vi for å kunne overvake og behandle deg best mogleg under og etter operasjonen.

På slutten av operasjonen legg kirurgen inn eit røyr (thoraxdren) for å drenere luft og væske frå operasjonssåra. Når du er vaken og stabil nok, fjernar vi røyret i halsen, og du pustar sjølv.

Etter

Etter operasjonen blir du flytta til intensivavdelinga, og deretter til overvakinga.

Du vil vere kopla til ein del utstyr og slangar slik at vi mellom anna kan observere blodtrykk, hjarterytme, pustefunksjon og væskebalanse. I tillegg observerer vi om det er luft- og væskelekkasje frå sårhòla via thoraxdrenet. Kor mykje luft og væske som kjem, vil avgjere kor lenge du treng dette drenet. Før vi fjernar drenet, tek vi som regel eit røntgenbilete av brystkassa di.

Andre eller tredje dag etter inngrepet vil vanlegvis det meste av slangar og leidningar bli fjerna. Du flyttar då til eit vanleg rom på sengeposten.

 

Etter operasjonen bør du variere stillingar i senga for å fremje god lungefunksjon. Du vil allereie på operasjonsdagen få hjelp til å sitje på sengekanten, og til å stå ved senga dersom du er i stand til det.

Fysioterapeuten går gjennom pusteøvingar og snakkar med deg om kor viktig det er med eigenaktivitet. Eigenaktiviteten bidreg til å førebyggje komplikasjonar, og gjer at du kjem raskare i form.

Det er vanleg å ha smerter og ei kjensle av å vere nomen i såret området rundt, etter inngrepet. Graden av smerte vil variere, men blir vanlegvis mindre i løpet av den første veka etter operasjonen.

For å lindre smerta i operasjonssåra, vil dei fleste få bedøving i ryggmergen, epiduralbedøving (EDA). Du kan også få andre smertestillande medisinar. Det er nødvendig med god smertelindring for at du skal kunne puste djupt, hoste og vere i aktivitet. Sei frå til sjukepleiar om du har vondt, slik at du får tilstrekkeleg smertestillande.

Anten vi fjernar mykje eller lite av lunga, vil operasjonssnittet ved open kirurgi stort sett vere det same. Derfor er det forventa same ubehaget/smertene etterpå.

Det er vanleg å få noko smerte/ubehag i skuldra etter operasjonen. Dette på grunn av stillinga armen ligg i under operasjonen.

Det er vanleg å bruke surstofftilførsel den første tida etter operasjonen. Etter ein lungeoperasjon kan slim samle seg opp i luftvegane. Du skal derfor drive pusteøvingar og opphosting av slim regelmessig. Noko slimdanning i luftvegane, og av og til væskesamling i lungesekken, gjer at du lett kan kjenne deg kortpusta under trening/dagleg aktivitet. Pusten vil gradvis betre seg. Det er viktig å få hosta opp slim frå lungene med rett teknikk.

Dette er noko av det fysioterapeuten vil snakke med deg om etter operasjonen.

Etter tre til fire dagar er sårkantane tørre og har lukka seg slik at du trygt kan dusje. Dusj med bandasjen på, la såret lufttørke etter dusjen, så legg vi på ny bandasje. Vi kontrollerer såra regelmessig. Såret er vanlegvis lukka med tråd som vil forsvinne av seg sjølv. Unntaket er dei stinga som står igjen etter festa av thoraxdrenet. Stinga etter drenet skal fjernast om lag 2 veker etter operasjonen. Det vil bli gjort på lokalsjukehuset ditt, eller du kan få dei fjerna hos fastlegen din.

 

Pasientorganisasjonar og tilbod

Kreftforeningen

Lungekreftforeningen

Vardesenteret

Pusterommet – Aktiv mot kreft

Informasjonshefte til deg som skal operere lunge eller brystkasse

Du vil her få en orientering om hva som skjer før og etter operasjonen. Du vil også bli forberedt på ulike forhold rundt utskriving og hjemkomst. Heftet er ment som et supplement til informasjon du finner på nettsidene våre og muntlig informasjon under oppholdet her.
Klikk her for å lese informasjonsheftet.
Naturbilde fra fjellet

Vardesenteret og Pusterommet

Vardesenteret (et initiativ fra Kreftforeningen) og Pusterommet (igangsatt av Aktiv mot kreft) er et tilbud til pasienter og pårørende. Her arrangeres kurs, aktiviteter, trening, samt at det er et sted å få informasjon eller bare være. Sentrene legger til rette for en rekke tjenester som kan være nyttige for kreftpasienter og deres pårørende i en krevende situasjon.
Les mer om Vardesenteret og Pusterommet
Kaffelag promobox.jpg

Vær oppmerksom

  

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Kurs

  • Lungekreft. Lærings- og mestringskurs
    Pasientopplæring for deg med lungekreft og eventuelt en pårørende. Pårørende kan også møte opp uten at den som er syk deltar. Kurset går over to dager.
    Lungekreft. Lærings- og mestringskurs
    Dato kommer