Undersøkelse, Cristabiopsi
Benmargsprøve fra hoftekam
Beinmargsprøve er en vevsprøve som blir tatt fra hoftekammen med et spesialinstrument. Prøven viser hvordan blodproduksjonen er, og om det eventuelt er tegn på sykdom i beinmargen. Prøven blir gjort i lokalbedøvelse.Før
Det finst inga førebuing for denne undersøkinga.
Under
Du må ligge på sida på ein behandlingsbenk. Legen finn innstikksstaden for prøvetakinga i hoftekammen. Staden blir merkt med tusj og du får lokalbedøving.
Du kan kjenne litt ubehag med det same sprøyta treff den ytre beinhinna. Når bedøvinga har fått verke, blir det gjort eit lite innsnitt der prøva skal hentast ut. Ei nål blir ført inn gjennom det harde ytre på knokkelen og inn til beinmergen, den indre delen som er ei blaut masse. Nokre kan merke litt ubehag idet nåla går gjennom det ytre knokkelvevet. Beinmergsmateriale blir henta ut med ei sprøyte.
Vidare blir det eventuelt teke ein prøve av vevet, der ein sylinderforma vevsbit blir teken ut frå same staden i hoftekammen, med hjelp av ei hol nål. Etter at vevsprøven er henta ut, legg vi press over innstikksstaden for å stoppe eventuell bløding, før området blir vaska reint, og bandasje blir lagt på.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Det er vanleg å kjenne seg sår ved innstikksstaden i nokre dagar etterpå. Bandasjen kan fjernast etter nokre timar.
Kontakt
Gastrosenteret
Avdeling for blodsykdommer
Kontakt Avdeling for blodsykdommer
Poliklinikken finner du i Gastrosenterets 1. etasje, del Øst.
Oppmøtested
Sengeposten ligger i Gastrosenterets 6. etasje, i den delen som heter Øst.Poliklinikken finner du i Gastrosenterets 1. etasje, del Øst.
Gastrosenteret
Prinsesse Kristinas gate 1
Øya, Trondheim